Årsmøtereferat 2013

Årsmøtereferat 2013

Sunnmøre hundeklubb avd. Sykkylven

Verkstaden Bistro 13.01.14

 

 

 

Møtte: Kjærsti Wasbråten Haugen, Eva Britt Aure, Aud Flemsæter, Anna Myklebust, May Anita Ramsevik Horvli, Mona Lilleng Strand, Frode Grande, Britt Unni Rørstad, Kjersti Hatlestad, Kristin Dyrkorn, Henriette Slettvold, Lena Øygard, Siv Helseth, Siv Aunaas, Roger Aure.

 

Godkjenning av innkalling: Enstemmig godkjent

Godkjenning av saksliste: Enstemmig godkjent

 

Møteleiar: Anna Myklebust

Referent: Eva Britt Aure

Underskrift på referatet: Lena Øygard og Kjersti Hatlestad

Tellekorps: Siv Helseth og Britt Unni Rørstad

 

Stemmeberettiga tilstades: 15 medlemmar

 

SAK I Årsmeldinga

 

Møteleiar gjekk gjennom årsmeldinga. Det kom fram nokre tillegg/endringar:

Tillegg på lista over haldte kurs 2013: Minikurs i Agility. 6 deltakarar.

Retting: Ekornes har ikkje laga, men skal lage agilityutstyr. Og det har vorte kjøpt inn 2 tunneler og ei pølse til Agility.

Tillegg prestasjonar:

Siv Aunaas og Wheatenhamran's Charm of Manner (Zita) fekk tilsaman 3 1.premiar i blodspor og er dermed Norsk Viltsporchampion.

Kjersti Hatlestad og Lysholtunets Gyda :

Blodsporprøve Strandafjellet 23.aug: 1.pr HP og vart prøvens 2.beste hund.

Blodsporprøve Fjellsætra 24.aug: 1.pr

Utstilling Valldal: Excellent og CK. Vart plassert som nr.4

Britt Unni Rørstad og Buffy av Gråsonen:

Blodsporprøve Strandafjellet 23.aug: 1.pr HP Prøvevinnar

Blodsporprøve Fjellsætra 24.aug: 1.pr.

 

SAK II Rekneskap med revisjonsberetning

 

Enstemmig godkjent

 

SAK III Handlingsplan 2014

 

Vi understreker at handlingsplanen beskriv eit minimum av kva klubben vil gjennomføre. Det kan sjølsagt arrangerast fleire kurs. Dette blir å sjå på som bonus.

 

I tillegg til kursa i handlingsplanen har det vore snakk om å arrangere eit instruktørkurs Trinn 1. Vi har 5-6 interesserte i dette kurset allereie. Dette må inn på planen.

 

Årsmøtedeltakarar sette fram ynskje om kynologikurs i klubben sin regi. Kristin Dyrkorn vil kontakte NKK avd.Nordvestlandet og vidareformidle dette ynskjet.

 

Handlingsplan enstemmig godkjent med desse tilføyingane.

SAK IV Budsjett 2014

 

Inntekta frå medlemskontigenten vart sett litt lavt. Vi endrer det til fjorårets nivå. Det same gjeld utgiftene til instruktørar.

 

Budsjett enstemmig godkjent med desse endringane.

 

SAK V Val

 

Valnemnda si innstilling vart vedteke. Årsmøtet måtte velje 2 av 3 moglege varamedlemmar: Kjærsti Wasbråten Haugen, May Anita Horvli og Mona Lilleng Strand. Strand og Horvli vart velde.

 

Det nye styret ser slik ut:

Leiar Kristin Dyrkorn 2014-16

Nestleiar Siv Aunaas

Kasserar Aud Flemsæter 2014-16

Skrivar Eva Britt Aure

Styremedlem Arild Mjeltvik 2014-16

Varamedlem May Anita Horvli 2014-15

Varamedlem Mona Strand 2014-15

 

Revisor Britt Unni Rørstad 2014-15

Ny valnemnd Henriette Slettvold, Lena Lystrup Øygard, Kjærsti W Haugen, Britt Unni Rørstad(vara)

 

 

 

 

Eva Britt Aure

Skrivar

 

 

 

 

 

_____________________________ _______________________________

 

Lena Øygard                                                Kjersti Hatlestad

Ekstra informasjon