Hundetrening i Sykkylven

I Sykkylven har vi hundetrening kvar mandag og onsdag kl.18.00. Vi held til på Jarnes skule på Ikornnes. Desse treningane er for alle som vil trene hund, anten du trenar til konkurranse eller trenar på kvardagslydigheit. Ta med deg termosen (og hunden) og bli med! Vi legg opp treningane litt ulikt mandagar og onsdagar. 

Les mer: Hundetrening i Sykkylven

BLODSPORPRØVE!

Avd.Sykkylven skal arrangere blodsporprøve 25.08.13. Prøva vil finne stad på Fjellsetra i Sykkylven. Vi håper mange lokale hundeekvipasjar vil melde seg på. Påmeldingsinformasjon finnast på terminlistene. 

Dette er første gong vi arrangerer slik prøve i Sykkylven og vi gler oss veldig! Dersom nokon kjenner på heile seg at dei kunne tenkt seg å hjelpe til å legge spor eller steike vafler så vert dei varmt mottekne :-) Ta i så fall kontakt med Eva Britt Aure.

Nye treningslokaler/områder!

Frå og med mandag 29.10 vil det ikkje lenger vere hundetrening ved Brunstadfabrikken.

Avdeling Sykkylven får frå og med denne veka ta ibruk gamle Jarnes skule til treningslokaler, både innendørs og utendørs. Dette vil bety mykje for treningsglade Sykkylvingar. No får vi trene innandørs i gymsalen og vi kan nytte heile bygget til t.d søksøvingar. Utandørs har vi asfalterte område, såvel som noko grus og noko gras. Treningstidene blir som før.
Det kjem meir informasjon om bruk av bygget ved seinare høve.

I tillegg har vi no eit eige klubbrom/møterom der vi kan setje oss ned og ta pause i treninga og nyte ein kopp kaffi eller to.

Kom og tren!

Ekstra informasjon