sunnmore

Laurdag 27.04 gjekk Aud Flemsæter og hunden Chana lydighetsprøve på Førde. Dei tok likesågodt delt førsteplass med heile 185 poeng! Aud har dermed opprykk til klasse 2 og vi heier vidare. Klubben gratulerer!

I Sykkylven har vi hundetrening kvar mandag og onsdag kl.18.00. Vi held til på Jarnes skule på Ikornnes. Desse treningane er for alle som vil trene hund, anten du trenar til konkurranse eller trenar på kvardagslydigheit. Ta med deg termosen (og hunden) og bli med! Vi legg opp treningane litt ulikt mandagar og onsdagar. 

Avd.Sykkylven skal arrangere blodsporprøve 25.08.13. Prøva vil finne stad på Fjellsetra i Sykkylven. Vi håper mange lokale hundeekvipasjar vil melde seg på. Påmeldingsinformasjon finnast på terminlistene. 

Dette er første gong vi arrangerer slik prøve i Sykkylven og vi gler oss veldig! Dersom nokon kjenner på heile seg at dei kunne tenkt seg å hjelpe til å legge spor eller steike vafler så vert dei varmt mottekne :-) Ta i så fall kontakt med Eva Britt Aure.


Webløsning ©2018 av Web Norge. Content © Sunnmøre Hundeklubb